torsdag 28. august 2008

Orkide på steingrunn

Blå















Eg synest det er moro å samle på gamle koppar og fat av ulikt slag. Kjekt å blande gamalt og nytt. Her har eg dekka opp med ei gamal tekanne frå 1800-talet, eit service frå Bokklubben og det typiske riskornserviset frå70 talet.

Gjenbruk







Her i heimen er det ei salig blanding av gamalt og nytt. IKEA effektar, gamle møblar og diverse gamle og nye tekstilar. Her har eg tatt nokre bilete med eit gamalt vaskefat og mugge med lyng og klungerroser. Ein gamal sofa har fått nytt trekk frå Ellos( ja, tru det eller ei, det har dei- billig og..) og eit gamalt vitrineskap har fått ein del støk med maling og nye hyller. Den gamle stolen blei også malt kvit.

Haustinspirasjon






Etter kvart som hausten kjem er det på tide å henta inn litt haustblomster. Lyng og rognebær er nydeleg og pyntar opp synest eg. Toalettbordet er arvegods og speilet er frå ikea.